torsdag 1. oktober kl. 11:00 · Jostedal, Krekane 76, Jostedal
Sterk og stødig - Treningsgrupper for seniorar Har du lyst til å bli sterkare i beina og betre balansen? Sterk og stødig er gruppetrening for seniorar, med hovudfokus på styrke i bein og balanse. Tilbodet er for heimebuande eldre som klarer seg godt i eigen heim utan særleg bistand frå kommunen, men som kan erfare ustøheit i enkelte situasjonar eller endringar i funksjon. Treninga varar i 60 min. Etter trening er det tid til ein kopp kaffe og prat. Det er ei treningsavgift på 200kr for semesteret for deltakarane. Ein må vere i stand til å gå utan hjelpemiddel innandørs og komme seg til trening sjølv. Treninga er leia av godkjend Sterk og stødig-instruktør. Gruppene i Luster kommune: Gaupne: Tysdag kl.10.30-11.30 på Bedehuset Hafslo: Måndagar på Hafslo omsorgssenter Gruppe 1. kl. 10.00-11.00 Felles kaffipause kl 11.00-11.30 Gruppe 2. kl.11.30-12.30 Solvorn: Tysdag kl.11.15-12.15, i gymsalen på skulen Jostedalen: Torsdag kl.11.00-12.00, i Jostedal Samfunnshus Skjolden: Tysdag kl.11.00-12.00, i Fjordstova Ta kontakt om du har spørsmål. Laila Kjærvik - kommunal fysioterapeut: 47 80 89 61 laila.kjervik@luster.kommune.no Kristin Wasshaug - kommunal fysioterapeut: 98 90 38 39 kristin.wasshaug@luster.kommune.no
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.