Nærturleiarkurs i Vik 19.november

torsdag 19. november kl. 16:45 · Røysavegen 2, 6893 Vik i Sogn, Norge

Velkommen til nærturleiarkurs! Heile kurset vert gjennomført utandørs, og vi vekslar mellom teori og praktisk øving. Kurset har ei varigheit på inntil fire timar, inkludert pause og rom for diskusjon/drøfting. Kva må eg ha med meg? Du må ha med deg klede tilpassa vêret, og gode sko til å gå tur i terreng med. Ta med hovudlykt for sikkerheits skuld! Det kan vere fint med sitjeunderlag, ei nistepakke og drikke. Kva er ein nærturleiar? Nærtur er tur i naturprega områder som er lett tilgjengeleg og i nærleiken av der folk bur og oppheld seg. Ved gjennomført kurs er du kvalifisert til å leie kortare dagsturar, opptil fem timar, i områder der du som nærturleiar er lokalkjent. Målet med kurset er at du skal få kjennskap til korleis ein planlegg kortare turar og aktivitetar i nærområdet, grunnleggjande kunnskap om utstyr og bekledning. Vidare skal du få kjennskap til det å vere turleiar med vekt på organisering og sosialt miljø. Opptakskrav: Alle som vil delta, må melde seg på. Kurset er gratis, men krev medlemskap i DNT. Ved påmelding vil du få tilsendt ei lenke til eit digitalt ambassadørkurs på 1,5t som du skal gjennomføre før kursstart. Kven passar kurset for? Deg som allereie bidreg i foreininga eller som lurer på om du skal engasjere deg. Praktisk informasjon Oppmøte : Parkeringsplassen sør for Vikjatunet. Tidspunkt: Torsdag 19.november kl 16:45, Varigheit er 4 timar inkludert pausar. Kursleiar : Roy Raasholm Fauske Arrangør : Vik Turlag / DNT Sogn og Fjordane Ta med: Klede etter vêret, matpakke og drikke. Kurset føregår i stor grad utandørs. Kurset må ha minimum 6 deltakarar for gjennomføring

Mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten