torsdag 26. november kl. 12:30 · Kyrkjestova ved Hauge kyrkje, Brattegjerde 2, Lærdal
Har du lyst å vere med på baysong? Babysong er for alle babyar og foresatte i Lærdal. Velkomen til hyggeleg samlingstund i lag, etterfølgd av ei enkel servering i kyrkjestova attmed Hauge kyrkje. Babysong vert på torsdagar klokka 12.30 i partalsvekene denne hausten, frå september til og med november (det kan bli (fleire) samlingar i desember om det er interesse). Datoar etter nyttår vert annonsert seinare. 🙂 PÅMELDING: Kommenter under innlegget på Facebookgruppa vår ""Babysong i Lærdal 2026" (direktelink til gruppa finn du under "Eksterne lenker" på denne nettsida) eller send ei melding til 97790771 – helst innan tysdag klokka 20.00 (dagen før samlinga) – så me veit omlag kor mange me blir til serveringa. 🎶🥁👩🏻🍼🍁🍂 Ta gjerne med eit teppe/underlag som baby kan ligge på. Me har ein del fleespledd her òg, så det går heilt fint om nokon ikkje har med. ——— Frå babyen er i magen til mamma er den med i rytmar og lydar gjennom dagen. Ute i verda blir lydane og rytmane litt annleis. Likevel kan babyen kjenne att mamma og pappa si stemme. Det er det som er trygt og sikkert. Musikk er såleis den fyrste kommunikasjonsmåten me kjenner til. På babysong skal me synge songar, bruke sansane, leike med reglar og høyre nye lydar og instrument. Me syng med dei stemmane me er utrusta med. For ditt barn er det nemleg berre den stemma som gjeld. Foto: Den Norske Kyrkja
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.