Skituren Saurrunden - Fjellområdet Saur i Øystre Slidre

lørdag 20. februar kl. 10:15 · Shell Fagernes, Jernbanevegen 40, Fagernes kl. 09.30

Bli med til vakre Saur i vinterskrud. Saur er eit av dei finaste områda i sørre delen av Øystre Slidre vinterstid. Her kjem du inn i eit heit urørt område. Turen startar på parkeringsplassen på Liaåsen. Vi følgjer den oppkøyrde skitraseen nokre hundre meter austover til vi kjem til første løypekrysset. Der frå følgjer vi løypa austover mot Tansberg. Etter ca. 1 km kjem vi til eit nytt løypekryss og tar til venstre. Eit lite stykke frå løypekrysset byrjar ei kort og ikkje for bratt oppstigning. Snart kjem vi inn i uberørt natur med utsikt mot Mellane, Langsua og Jotunheimen. Etter ein frisk, men kort utforbakke er vi inne i hjartet av Saur der mange fiskar i fiskevatna om sommaren. Her var det eit flyslepp under siste verdskrigen. Etter ca. 1 km. kjem vi ned til gapahuken ved innsjøen Kjølen. Her har vi ein lengre matpause. Etter pausen følgjer vi skitraseen i slak motbakke opp til krysset mot stølsgrenda Rabalen. Vi følgjer så løypa i slakt terreng opp på Kjølafjellet og der frå er det for det meste slak utforbakke tilbake til Liaåsen. Denne runden er ca 16 km. Du må vera i rimeleg god form slik at du greier å gjennomføra ein så lang tur. Uansett er det meste av turen i ope lende, så du må kle deg for ein lang dag i fjellet. Ha med ekstra klede som vottar, lue og kledsskift dersom du blir kald. Ta med sitjeunderlag og rikeleg med mat og varm drikke. Har du snøspade, ta den med. Du går på eige ansvar og må vera spesielt forsiktig i utforbakkane og halda god avstand til dei andre i gruppa der, men vi turleiarar skal gjera turen så trygg som mogeleg. Vi ønskjer ikkje å avlysa turar, men den kan bli flytta, avlyst eller utsett dersom veret / verutsiktene blir for vanskeleg. Frammøte på St1 på Fagernes kl. 09.30. Frå Fagernes reiser vi nordover F 51 og tar av mot Melbybråten. Der frå følgjer vi skilta veg til Ås, passerer bommen (bomavgift i skrivande stund er 70 kr.) og reiser gjennom stølsgrendene Heimstølen og Lie og parkerer oppe på Liaåsen. Dei som bur nord for Fagernes, avtalar frammøtestad med turleiaren når dei melder seg på. Meld deg på gjennom https://www.dnt.no/valdres eller via sms til Bjørn Vegard Johnsen seinast 18.02.27 kl. 18.00

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten