Sykkeltur Maristova - Lærdalsøyri Lærdal

lørdag 5. juni kl. 08:30 · Jernbanevegen 40, Fagernes

Turen startar ved Maristova og endar på Lærdalsøyri og er ca. 55 km lang. Det er mest lange slake utforbakkar og lange flatar. Vi syklar for det meste på den gamle riksvegen gjennom Lærdalsdalen og på lokale vegar. Nokre få stader må vi inn på E16 og også kryssa den. Det lengste strekket der er ca. 3 km. Turen går utanom turisttida, så vi unngår den store turisttrafikken. På turen blir det mange stopp, m.a. ved Borlaug, Borgund stavkyrkje, enden av Vindhellavegen, Husum hotell, Galdane, den historiske vegen. Det er mange flotte utsiktspunkt, gammal arkitektur under vegs og i gamle Lærdalsøyri. Vi er avhenige av brukbart ver. Turen kan difor bli avlyst eller endra på kort varsel. Du må sjølv frakta sykkelen din til Maristova og heim att. Vi planlegg felles skyss med syklar og deltakarar tilbake til Maristova. Det kan bli eigenbetaling på ca. 200 kr. for dette. DNT Valdres sender i tilfelle rekning etter turen. Turen passar både for vanleg sykkel og elsykkel. Vi syklar i samla flokk på trafikkert veg og må vi halda god avstand til kvarandre. På dei lokale vegane er det til vanleg liten biltrafikk. På dei korte strekka på E16 og der vi kryssar E16, må vi vera spesielt forsiktige. Alle må ha og bruka sykkelhjelm og refleksvest. Dette blir sjekka før vi reiser frå Fagernes. Turen startar på ca. 800 m. o.h. og endar nede ved fjorden. Det er difor viktig å kle seg for temperatur og ver som kan endra seg mykje på turen. Sykkelen må vera i god stand, og du må vera i god fysisk form. Det er få stigningar på turen, men det blir mange timar på sykkelsetet, så du bør ha sykla ein del før denne turen. Ha med eiga sykkelpumpe som passar til sykkelen, lappesaker eller aller helst ekstra sykkelslange. Det gjer det enklare dersom du skulle punktera. Vi planlegg å vera framme i Lærdalsøyri tidsnok til at vi kan kjøpa oss mat på Villakssenteret før vi reiser tilbake til Maristova. Det blir nødvendig med ein eller fleire matstopp på turen, så utstyr deg med niste og drikke for ein lang dag. Du er med på turen på eige ansvar. Vi er to turleiarar, ein fremst og ein bak og vil leggja til rette for at turen skal bli så sikker og hyggeleg som mogeleg. Spesielle farepunkt: Kryssing av E16 nedanfor Borlaugtunnellen, ved Seltun, ved Bjørkum, ved Saltkjelen og litt aust for Voll og sykling langs E 16 på vegen eller på skuldra av vegen på nokre få og kortare strekk. Frammøte på bensinstasjonen St1 på Fagernes kl. 08.30. Dersom du ønskjer å møta vest for Fagernes, avtalar du dette med turleiar når du melder deg på turen. Påmelding: Vi ser helst at du melder deg på elektronisk nedanfor denne turomtalen. Det gjer det lettare for oss dersom turen blir fullteikna og vi må laga venteliste. Ved behov kan du melda deg på via sms til turleiar Bjørn Vegard Johnsen på 48142002. Kart: Cappelen Damm kart 2 Sør-Norge nord Bil- og turistkart

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten