Frisklivstrening lavterskel

tirsdag 18. august kl. 18:00 · Inne i gymsdalen på Vassloppa barnehage, eller utanfor på plassen, Reistadliane, Årland

Friskliv lavterskel er ei enkel treningsgruppe med fokus på styrkeøvingar for heile kroppen. Treninga foregår ute på plassen ved Vassloppa barnehage ved godt vær, og inne i gymsalen ved dårleg vær. Treninga passar for ungdom, vaksne og seniorar. Du kan vera heilt utrent, eller det kan vera lenge sidan du har trent. Det kan passa for deg som ønsker å koma i gong med styrketrening, eller for deg som vil vedlikehalda muskelstyrke. Øvingane vert utført i ståande og sitjande og ein treng ikkje ned på bakken/gulvet. Kvar enkelt tilpassar treninga ut frå sine fysiske forutsetningar. Treninga er gratis, og du treng ikkje å melda deg på :) Vel møtt!

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten