onsdag 13. oktober kl. 17:30 · Øksnevad vidaregåande skole, Jærvegen 990 Kleppe, Kleppe
Turen går på tursti frå Øksnevad VGS opp gjennom skogen og ned til Figgjoelva. Her ligg ein gapahuk med stor grue. Vegen går vidare på sti langs elva forbi dei gamle vadesteinane. Vadesteinane vart i si tid lagt ut for å kunna gå turrskodd over elva. Vad-navneforma går igjen i gardsnavn som Øksnavad som tyder «oksevadestad» Det er og høve til å følga med på eit aktivt fugleliv langs elvekanten. Så følger ein tilrettelagt og lyssett grusveg fram til Grudevegen. Ruta snur ved den store gjødselkummen, og ein går ca 900 meter same veg tilbake. Ta grusveg til høgre ved vegskille og følg lysmastene tilbake til parkering ved Øksnevad VGS. Ta kontakt med turleiar dersom du har spørsmål til turen eller oppmøtepunkt. Ver obs på at ein kan møta hestar med sulky som er ute på travtrening. Turen er ca. 6 km og vi går i ca. 2 timar. OBS: ta med hodelykt og refleksvest. Oppmøte: Øksnevad vidaregåande skule kl 17.30, på øvre parkeringsplass. Turleiarar: Kirsten Olafsrud Vestvik, mobil 488 94 736 Sigve Bore, mobil 480 66 581 Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook. Stavanger Turistforening arrangerer turer heile året. Mange av våre turer er gratis og åpne for alle, men vi oppfordrer alle til å melda seg inn for å støtta arbeidet vårt. dnt.no/medlem
Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.