Gudstenesteverkstad

tirsdag 1. desember kl. 13:00 · Klepp gamle kyrkje, Prestevegen 7, Kleppe

Gudstenesteverkstad er eit gratis tilbod til alle barn i 1.-7. klasse. Vi møtast ein tysdag i månaden etter skuletid i kyrkja, for å forberede gudstenesta påfølgjande sundag. Opplegget startar med felles måltid, så snakkar vi om sundagens tema og barna får velje mellom å vere med på drama, song, forming, høgtlesing eller praktiske oppgåver. Vi avsluttar med leik og sosialt. Tanken er at barna sjølv skal få vere med å lage og eige innhaldet i gudstenesta. Tysdagar kl 13.00-14.30: Hausten 2026: 25. august 22. september 20. oktober 1. desember Spond-kode: TJDAS Ta kontakt ved behov for følgje/transport frå skulen. Fint om dei som bur nærme kyrkja kan gå heim sjølv eller bli henta etterpå, men gi oss ein lyd om barnet har lengre veg eller om det uansett skulle bli utfordrande for dykk. Gi beskjed om du har anledning til å bidra med transport/følgjehjelp. Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Kari Kjestveit KK595@kirken.no 959 64 083

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Sandnes →