Skredkveld i Førde

torsdag 19. november kl. 18:00 · Førde vidaregåande skule, Naustdalsvegen 12, Førde

Skredkveld i Førde No nærmar det seg den tida der kvite, små snøfnugg dalar ned mot bakken og vert til ein kjekk leikeplass. Vi gjentek suksessen og inviterer til skredkveld om trygg ferdsel i Førde torsdag 19. november kl. 18.00. La oss fylle auditoriumet på Førde vgs med vinterglade vener! Anten du er ein erfaren toppturentusiast eller nybyrjar, er du velkommen til ein kveld der du kan møte andre, tileigne deg ny kunnskap eller repetere det som har blitt lagt på is sidan førre sesong. Årets skredkveld har temaet skred og alpine farer. Kva er skredterreng? Korleis tek ein trygge vegval? Kva er Varsom Regobs, og korleis brukar ein snøskredvarselet? Kva kan vi lære av tidlegare ulukker? Forståing for andre alpine farar, som ferdsel på bre, skavlar og utglidingsfare Det blir utlodding av flotte sponsorgåver, og enkel servering med kaffi og snacks. Gratis arrangement – inga påmelding! Skredkveld er ein del av den nasjonale satsinga i samarbeid med Snøskredvarslinga i Norge (NVE), CARE og Fri Flyt, og skal gi både inspirasjon og påfyll av kunnskap for trygg ferdsel i vinterfjellet. Lokal arrangør er Bre- og fjellsportgruppa i Indre Sunnfjord Turlag og Skredgruppa i Sunnfjord. Føredragshaldar er Jostein Aasen, senioringeniør og snøskredvarslar i NVE.

Mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Førde →