fredag 12. februar kl. 09:00 · DNT Sogn og Fjordane, Jostedal Camping, Luster Kommune
DNT Sogn og Fjordane arrangerar 3-dagars NF godkjent skredkurs i Jostedalen 12. - 14.februar. 2027 Dato : 12.2.- 14.2.2027, oppmøte torsdag kveld 11.2. Pris : kr 2750 for medlem /kr 4350 for ikkje-medlem. Frivillige i DNT sine lokallag vert prioritert og kan melde seg på frå d.d. Øvrige kan melde seg på frå 1.desember. Stad: Jostedalen Camping og fjellområda i Jostedalen Kursleiar : Kåre Øst Vi har 1 instruktør denne helga, og kurset vil vere i alpint (randonee). Max 6 deltakarar på kurset. Målsetning for deltakarane etter gjennomgått kurs : - kunne bedømme potensielle utløysings- og utløpsområder for snøskred - beherske grunnleggende terrengvurdering og bli introdusert til NVEs terrengklassifisering - kjenne til grunnleggjande snø klassifikasjon og kunne identifisere svake sjikt i snødekket - kjenne metodikken for snødekkeundersøkingar og stabilitetstestar - kjenne til vêret sin påverknad på snødekket - kunne leie og gjennomføre ein kameratredningsaksjon med sender/mottaker - kunne utføre livreddende vurderinger mtp førstehjelp ved skredulykker - Få ei innføring i den internasjonale skredfareskalaen og det norske regionale skredvarselet. - Bli introdusert til omgrepet ”skredproblem” frå skredvarselet. Krav til deltakarar : Dette kurset er for toppturgåarar og frikøyrarar. For at du skal ha utbytte av dette kurset bør du ha gode skiferdigheiter både oppover og nedover, ha god fysisk form og vere vant i vinterfjellet. Som deltaker må du ha grunnferdigheiter i vinterfriluftsliv når det gjeld bruk av ski, bekledning, mat og drikke og orientering om vinteren. Deltakarane møter på Jostedal Camping torsdag 11. februar ca kl.20.30 (tidspunkt koordinerast med kursleiar). Fredag morgon startar kurset kl 09.00. Det er 60 km frå Sogndal til Jostedal camping, dvs i underkant av ein time å køyre. Føl fylkesveg 55 frå Sogndal i retning Gaupne/Sognefjellet. Ta av i Gaupne i retning Jostedal på fylkesveg 604. Campingen ligg på Gjerde rett i nærleiken av butikken og hotellet. Sjå: https://www.jostedalcamping.no/ Lokale og mat : Vi har ordna god hytteovernatting på Jostedalen Camping. Her er det holdt av ei hytte med oppreidde senger til seks deltakarar. Utvask av hytte ligg i kursavgifta. Når det gjeld mat thar deltakarane ansvar for all mat sjølve. Ein kan gjerne avtale å laga felles middag. Brødmat og snack til frukost og niste første dag bør du kjøpe inn på førehand. Deretter er det mogleg å handle på Joker Jostedal om ein treng påfyll . Ta med handkle m.m. og det du treng for overnatting. Hyttene er vinterisolerte med bad og elles alt ein treng. Teoriundervisninga blir i eit fellesrom der ein også kan ha felles matlaging om ein vil. Er noko uklart ta gjerne kontakt med Kursleiar Kåre, kaare.oest@gmail.com eller DNT Sogn og Fjordane. Nødvendig utstyr: (- Detaljert pakkeliste kjem i skriv frå kursleiar, det er mogleg å låne skredutstyr) Alpine toppturski med tilpassande feller Stavar Sendar-mottakar (skredsøkar) Søkestang Spade Sekk eigna for tur i vinterfjellet Hjelm Kompass (gjerne speilkompass med helningsmålar) Grunnleggjande førstehjelpsutstyr Mat, termos og drikkeflakse God bekledning og ellers det som trengs for å ferdas ute i vinterfjellet. Kurset er sett opp med noko stønad frå Erling Bjørstads stiftelse.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.