Sandtangen-Re

onsdag 3. mars kl. 17:30 · Sandtangen, ved brua, Bryne

Turen startar ved inngangen til Sandtangen, det største friluftsområdet på Bryne. Sandtangen har både lysløype og trimpark samt eit yrande fugleliv. Turen går innom frukthagen til Brynes Vel. Vidare går turen ut av skogen og opp i Vardheia og Brynehaugen, forbi eit av dei eldste villastroka på Bryne, Solhøgda. På brua over Arne Garborgs veg får vi fint utsyn over Mølledammen med Fritz Røed sine skulpturar. Turen går mot Re før den snur og går tilbake til Sandtangen via Bryne sentrum og parken Geidahodnet. Turen er 8 km. Ta kontakt med turleiar dersom du har spørsmål til turen eller oppmøtepunkt. Oppmøte: Sandtangen, ved inngang/bru. Turen starter her kl 17:30 Turleiarar: Tone Aarrestad, mobil 952 24 571 Øyvind Time Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook . Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Sandnes →