onsdag 1. september kl. 17:29 · Storstova, Arne Garborgs veg 26 Bryne
Turen startar ved Storstova med gode parkeringshøve og går vidare bak Time rådhus, som vart bygd på ei utfylling i Frøylandsvatnet i 1964. Turen forset vidare mot Nyland og Ungdomsskogen og forbi det store bustadområdet Eivindholen. Vi går rundt Eividholtjørn og tilbake til Time rådhus. Ta kontakt med turleiar dersom du har spørsmål til turen eller oppmøteplass. Oppmøte Storstova kulturhus, adr. Arne Garborgs veg 26 på Bryne kl. 17.30. Turleiarar: Solfrid Grødem, mobil 400 05 404 Gro Mabel Sele Anda, mobil 992 77 051 Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlage t på Facebook. Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.