NF 3-dagers skredkurs i Stryn

torsdag 28. januar kl. 19:00 · Stryn

DNT Sogn og Fjordane arrangerar 3-dagars NF godkjent skredkurs i Stryn 28.-31.januar Dato: 28.1-31.1.2027, oppmøte torsdag kveld. Pris: kr 3200 for medlem /kr 4350 for ikkje-medlem. Frivillige i DNT sine lokallag vert prioritert og kan melde seg på frå d.d. Øvrige kan melde seg på frå 1.desember. Stad: Lodgen i Stryn og fjellområda i Stryn Kommune. Kursleiar: Jan Vidar Øyen Vi har 1 instruktør denne helga, og kurset vil vere i alpint (randonee). Max 6 deltakarar på kurset. Målsetning for deltakarane etter gjennomgått kurs: - kunne bedømme potensielle utløysings- og utløpsområder for snøskred - beherske grunnleggende terrengvurdering og bli introdusert til NVEs terrengklassifisering - kjenne til grunnleggjande snø klassifikasjon og kunne identifisere svake sjikt i snødekket - kjenne metodikken for snødekkeundersøkingar og stabilitetstestar - kjenne til vêret sin påverknad på snødekket - kunne leie og gjennomføre ein kameratredningsaksjon med sender/mottaker - kunne utføre livreddende vurderinger mtp førstehjelp ved skredulykker - Få ei innføring i den internasjonale skredfareskalaen og det norske regionale skredvarselet. - Bli introdusert til omgrepet ”skredproblem” frå skredvarselet. Krav til deltakarar: Dette kurset er for toppturgåarar og frikøyrarar. For at du skal ha utbytte av dette kurset bør du ha gode skiferdigheiter både oppover og nedover, ha god fysisk form og vere vant i vinterfjellet. Som deltaker må du ha grunnferdigheiter i vinterfriluftsliv når det gjeld bruk av ski, bekledning, mat og drikke og orientering om vinteren. Lokale og mat: Vi har ornda felles overnatting på Lodgen i Stryn. Deltakarane møter torsdag 4. februar ca kl.20.30 (tidspunkt koordinerast med kursleiar). Fredag morgon startar kurset kl 09.00. Lodgen ligg i Stryn sentrum, du finn den her: https://www.lodgenstryn.no/ . Utvask og sengetøy/handduk ligg i kursavgifta. Når det gjeld mat har deltakarane ansvar for all mat sjølve. Ein kan gjerne avtale å laga felles middag - ein har tilgang til både kjøkken og grupperom. Brødmat og snack til frukost og niste første dag bør du kjøpe inn på førehand. Deretter er det mogleg å handle i sentrum om ein treng påfyll. Teoriundervisninga blir i eit møtelokale på Lodgen, overnatting i "Låven". Er noko uklart ta gjerne kontakt med Kursleiar Jan Vidar, ikring.enk@gmail.com eller DNT Sogn og Fjordane. Nødvendig utstyr: (Ev meir detaljert pakkeliste kjem i skriv frå kursleiar) Alpine toppturski med tilpassande feller Stavar Sendar-mottakar (skredsøkar) Søkestang Spade Sekk eigna for tur i vinterfjellet Hjelm Kompass (gjerne speilkompass med helningsmålar) Grunnleggjande førstehjelpsutstyr Mat, termos og drikkeflakse Hovudlykt God bekledning og ellers det som trengs for å ferdas ute i vinterfjellet. Kurset er sett opp med noko stønad frå Erling Bjørstads stiftelse.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten