Familietur til «Gamleskulen» med Alversund mållag og Turboklubben

søndag 15. november kl. 11:00 · Brekkeløypa, Juvikstølen 25, Isdalstø

Søndag 15.november inviterer Turboklubben Knarvik/Alversund til familietur sammen med Alversund mållag. Ta med heile familien, borna, mor, far, bestemor og bestefar, onkel, tante og naboen☺️ Vi fyrer i bålet 🔥 så ein kan ta med seg mat ein ønsker å grille, og dyktige Kristin Rongevær i Alversund mållag vil fortelje oss litt om historia til gamleskulen på ein måte som vil treffa særleg dei yngre, men også dei vaksne. Alversund mållag har også fått opp ny stimerking opp mot gamleskulen. Program ved gamleskulen startar kl. 12:00, premie til alle born. Oppmøte: Turboklubben startar turen frå Brekkeløypa kl. 11:00 og går Brekkeløypa inn til BKK bakken og fylgjer grusvegen opp og fram til siste bakke på grusvegen, der er stistart på høgre side. Det vert ein enkel quiz på vegen opp på denne ruta. Det er sjølvsagt mogleg å gå i eige tempo og det er også fult mogeleg å nytte seg av dei andre turstiane som fører fram til gamleskulen, det vel ein sjølv. Ta med mat og drikke etter eige ønske om ein vil og nyt søndagslunsjen ute på tur. Vi gler oss til tur! ☺️

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten