søndag 6. desember kl. 14:00 · Dalstjønna, Nord-Fron
🎅 NISSETUR til dagsturhytta på Vinstra – TRADISJON OG JULEMAGI! 🎄 Kom i julestemning med nissetur søndag 6. desember! Dette er turen der både små og store garantert kjem i julestemning. Det blir nissar i skogen, song, leik og latter – alt det som høyrer jula til. I skogen rundt dagsturhytta er det store sjansar for å møte nissane! Ta gjerne på deg nisselue eller raudt skjerf – då er sjansen ekstra stor for at dei tør å vise seg. 🕑 Tidspunkt: Søndag 6. desember kl. 14.00 📍 Oppmøte: Parkeringsplassen ved Dalstjønn 🎁 Påmelding: Meld deg på via DNT Gudbrandsdalen si nettside innan 1. desember. Hugs å melde på alle borna – nissen må jo vite kor mange pakkar han skal pakke! Spørsmål? Send ei melding til Bente på tlf. nr. 481 00 154. 💫 Om turen: Turen startar frå parkeringsplassen kl. 14.00 – ingen får gå før sjefsnissen gjev klarsignal! Vi går samla, og hugs: ingen spring etter nissane – dei blir redde då! Foreldre har ansvar for eigne born. Lengde: Om lag 1 km kvar veg på opptrakka sti. 🔥 Ta med: - Mat og drikke om du vil - Sitteunderlag - Varme klede* - Lykt til heimturen* - Og ikkje minst: GODFØLELSE og julestemning! 🎅 Arrangementet er gratis, ope for alle – og fullt av førjulsglede! Vel møtt til ein magisk dag i skogen med nissar og latter.
Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.