Førjulskitur på Valdresflye

lørdag 5. desember kl. 10:00 · Valdresflyi, Valdresflyi, Øystre Slidre, kl 10:00

Sjølv om vêrgudane har vore vrange nokre år så prøver vi att! Temperatur, vêr- og snøtilhøve her oppe i 1400 meters høgde kan variere mykje på denne tida, turmål og -lengde blir lagt opp etter dette. Ved evt. brøyting byter vi på å gå fyrst. Fjellski og stavar med skikkeleg trinse er best utstyr. Uansett viktig med varme, vindtette klede. Elles sitteplate, mat og varm drikke. Gjerne spade og vindsekk. Rasletinden er neppe aktuelt mål ( for langt/krevjande for dei fleste på denne tida). Eit godt alternativ er å ta ein runde austover på Flye, mot Store Nuten og Gluptindane. Også aktuelt å gå rundt Fisketjernnuten, eller ein tur sørvestover, i retning mot Torfinnsbu. Det gjorde vi i 2020, ein veldig fin og triveleg tur. Turlengde som sagt ut frå vêr og føre. Kart: Øystre Slidre (1:50.000) v/ØS fjellstyre (utgåve 2015).

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten