Makroseminar 2026

torsdag 19. november kl. 16:30 · Hangurstoppen Restaurant, Voss

Makroseminaret er tilbake på Hangurstoppen! Same procedure as last year? Same procedure as every year! Nokre tradisjonar treng ingen forklaring: Grevinnen og hovmesteren på veslejulaftan, og Jan Ludvig på Hangurstoppen i november. I år handlar det om kunstig intelligens, frå dei store linjene i økonomien til kva bedrifta di kan gjere allereie dagen etter. KI – den neste industrielle revolusjonen? Kunstig intelligens er i ferd med å endre arbeidsliv, næringsliv og økonomi. Sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika set KI-utviklinga inn i eit historisk perspektiv. Han ser på kva me kan lære av tidlegare industrielle revolusjonar, og kva den nye teknologien kan bety for økonomien og arbeidslivet framover. KI i praksis: Kva kan små og mellomstore bedrifter gjere allereie i morgon? Kunstig intelligens er ikkje lenger berre for dei store. Simen Armond i Wisteria Consulting viser korleis små og mellomstore bedrifter kan ta i bruk KI i kvardagen. Han har med seg konkrete døme som kan prøvast ut allereie dagen etter. Det blir eit praktisk og jordnært innlegg om kvar gevinstane ligg, korleis ein kjem i gang, og kva ein bør vere merksam på. Program: 16:30 Mingling og fingermat 17:00 Føredrag 19:00 Middag 21:30 Siste gondol ned Prisar: Medlemmar i Hardanger og Voss Næringshage eller bedriftskundar i Vekselbanken: kr 500 Ikkje-medlemmar/kundar: kr 1200 Prisen inkluderer fingermat ved ankomst, middag, kaffi/te og gondolbillett t/r Hangurstoppen. Ønskjer du å betale med faktura utan gebyr, kan du sende e-post til lilly@hardangervoss.no. (Om du vel fakturaløysing via påmeldingslinken kjem det eit gebyr på 100kr per bestilling) Makroseminaret har vorte ein kjær tradisjon, og dette er trettande gongen Hardanger og Voss Næringshage og Vekselbanken inviterer næringslivet til ein kveld med fagleg påfyll, gode samtalar, god mat og god stemning. Seminaret pleier å bli fullteikna, så ver tidleg ute!

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Voss →