Tinghaugrunden

onsdag 11. august kl. 17:30 · Kåsen idrettslag, Lalandsvegen 420 Bryne, Bryne

Turen starter frå parkeringsplassen ved Kåsen Idrettshall, og går etter kvart ned på gangstien ved Frøylandsvatnet. Vi går innom Frøya, dagsturhytta i Klepp, før vi fortset over jernbanebrua opp forbi Mosberghagen der Torvald Thu budde. Deretter går turen mot TInghaug med gravhaugar frå jernalderen både på Grønhaug og Tinghaug. På Krosshaug står steinkrossen som eit av få gjenverande steinkors i landet. Tinghaug er det høgaste punktet i Klepp kommune med 102 moh. Turen fortset vidare via Hauge mot Kåsen. Turen er ei rundløype på ca 8 km og går på veg og tursti og tek ca 2 timar. Turen passer for alle. Ta kontakt med turleiar dersom du har spørsmål om turen eller oppmøteplass. Oppmøte: P-plassen ved Kåsen Idrettshall. Turen starter her kl 17.30 Turleiarar: Berge Hatteland, mobil 971 91 495 og Tone Karlsen, 957 43 607 Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook Støtt DNT Stavanger og omegn/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Sandnes →