Padletur til Grasøyane

lørdag 27. mars kl. 10:30 · Runde

Bli med på padletur til Grasøyane Oppmøte ved småbåthamna på Runde kl. 10.30 (klar til å padle kl 11.00). Sett gjerne av 28. mars også i tilfelle vêrforholda er betre då. Krav for deltakelse : For å vere med på denne turen må du ha fullført teknikkurs hav og kunne padle i litt bølger og vind (ca. 1 meter bølgehøgde og 8 m/sek vind). Vi padlar frå hamna på Runde austover mot Grasøyane og planlegg ei pause ved Grasøyane fyr. Etter pausa padlar vi tilbake til Runde. Turen er om lag 14. km tur – retur. Vi kan kome tett på dyrelivet i området rundt Grasøyane, men det er sjølvsagt ikkje garantert. Tidsbruk for turen inkl. pause er om lag 4 timar. Ta med mat, drikke, reserveklede og ekstra klede til pause. Utstyr : Egna kajakk (havkajakk) med ustyr, tørrdrakt, taueline og hjelm. Dette er ein eksponert tur, så om vêrforholda gjer slik at turen ikkje kan gjennomførast, vert turen flytta til eit område som ikkje er så eksponert eller avlyst. Turleiarar : Sindre Slettestøl Vilkår for deltaking på fellesturar Når du melder deg på denne turen stadfestar du at du har lese og aksepterer våre generelle vilkår. Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 5 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Her kan du lese mer om medlemskap og melde deg inn.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten