Øygardsvatnet

onsdag 15. september kl. 17:30 · AMFI Ålgård, Ole Nielsens vei 25 Ålgård, Ålgård

Foto: Ragnar Egeland Turen går gjennom store deler av Ålgård. Undervegs går turen både langs FIggjoelva, i strandkanten av Øygardsvatnet og ein snartur ned til Edlandsvatnet. Ved Øygardsvatnet ligg Gjesdal kommune si dagsturhytte "Røyskatten". Her går vi nedom. Turen er 8,7 km og det vil gå med 2 timar. Oppmøte: AMFI Ålgård, ved Lokstallen. Turen starter her kl 1730 Turleiarar: Siri Berland Reinertsen, mobil 911 57 629 og Inger Johanne Jaarvik Rørheim Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook. Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Sandnes →