Skredkveld i Årdal

tirsdag 17. november kl. 18:00 · Årdal Teknologipark, Verksvegen 5, 6884 Øvre Årdal

Lad opp til skisesongen med skredkveld i Årdal! Vi gjentek suksessen og arrangerer skredkveld om trygg ferdsel i vinterfjellet. Skredkvelden blir arrangert i samarbeid mellom DNT Fjellsport Årdal, Varsom – Snøskredvarslinga, CARE og forlaget Fri Flyt. Interessa for toppturar om vinteren har eksplodert, og stadig fleire blir hekta på denne fantastiske forma for friluftsliv. Det er likevel viktig å hugse på at vinterfjellet er lunefullt. Det krev kunnskap og røynsle for at du både skal få nyte fin skikøyring og kan kome trygt heim igjen. Grunnleggjande kunnskap om snøskred og skredterreng er òg nyttig kunnskap for alle andre som er på tur i vinterfjellet. Derfor håper vi mange vil kome på skredkveld! Inviter gjerne ein ven, kollega eller eit familiemedlem som du tenkjer å tilbringe tid med i fjellet! Hovudtema for årets skredkveld er "Skred og alpine farar" Meir detaljar omkring programmet for kvelden kjem når det nærmar seg. Praktisk informasjon: Skredkvelden finn stad i auditorium Maxwell i Årdal Teknologipark, Øvre Årdal. Det er sitteplass til 60 stk, og det er gratis å delta. For å sikre at vi har kontroll på kor mange som kjem, så ynskjer vi påmeldinga via denne sida.

Mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.