lørdag 30. januar kl. 18:00 · Stryn Kaffebar & Vertshus, Norge
Dørene opnar kl. 19:00, konsert frå kl. 20:00. Forvent deg høgt tempo, virtuositet, hjerte og smerte og ein god dose humor når Strengeplukk nok ein gong kjem til Stryn! Strengeplukk oppstod i Stavanger i 2015. Sidan det har dei spelt hundrevis av konsertar i Noreg frå nord til sør og spelt på fleire festivalar rundt om i Europa. Strengeplukk har først og fremst vorte kjende for å kombinere bunnsolid bluegrasstradisjon med velsmurde vestlandsdialektar, men med deira siste album Neste steg står også dialektar frå nord og aust på menyen. På bandet sitt repertoar finn ein songar om arbeidsfolk, kvardagen sine utfordringar, livet på vegen, hjarte og smerte og mykje meir – og ei skikkeleg drikkevise har dei sjølvsagt òg! Her er noko av det pressa seier om Strengeplukk: “Strengeplukk formidlar med ellevilt driv, tett samspel og fin, fleirstemt koring” – Heidi Molstad, Nynorsk Pressekontor “De fem er instrumentalister på svært høy hylle og truppen låter som et ensemble som har spilt hundrevis av jobber sammen, det vil si framifrå”- Tor Hammerø, Musikkanmeldar “It’s obvious that Strengeplukk has a keen understanding of bluegrass music. By the same coin they’re capable of crafting uniquely original material in that idiom” – Anm. Braeden Paul, Bluegrass Today USA Få med deg eit av landet sine beste og mest hardtarbeidande nisjeband! Strengeplukk er: Nikolai Storevik – fele, vokal Andreas Barsnes Onarheim – mandolin, vokal Mikael Jonassen – banjo, vokal Jakob Folke Ossum – gitar, vokal Vidar Starheimsæter – kontrabass, vokal Stad: Stryn kaffebar og vertshus, Stryn Dato: Laurdag 30. januar Tid: Dørene opnar kl. 19:00, konserten byrjar kl. 20:00. Billettpris: 250 kr Born under 18 år (NB! Må ha edrueleg verge): kr 100,- Ledsager (følgjekort): kr 0,- Hugs at den som har følgjekort skal kjøpe ordinær billett. Send så ein epost om dette til nstorevik@gmail.com. Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.