torsdag 17. desember kl. 19:00 · Brunkeberg kyrkje, Kviteseid
EIN FORRYKANDE FØRJOLSKONSERT MED FEM FANTEMUSIKANTAR FRÅ TELEMARK! «No æ det joli au» reiser på turné for tredje år på rad, og torsdag 17. desember kjem dei til Brunkeberg kyrkje! Repertoaret er for ein kvar smak med jazza versjonar av kjente joleviser og salmer, dramatiske tolkingar av tradisjonsmateriale og sjølvskrivne komposisjonar! Raud tråd er ung futt og fart, med ei dose realisme, som motvekt til glitrande og fredfulle jolekonsertar som kanskje ikkje alle kjenner seg att i. Velkomen til ei bergogdalbane av ein konsert, som gjer deg like mett som riskremen på jolekvelden! Kvintetten består av: Jon og Tov Espelid frå Treungen (trommer og gitar/vokal) Audun Rørmark frå Bø (feler/vokal) Torjus Gravir Klykken frå Skien (bass) Symre Taugbøl Bang frå Morgedal (gitar/vokal) Stian Fliid frå Skien står for design av plakat/framsidebilete
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.