Julemarknad i Florø

søndag 13. desember kl. 12:00 · Teltet på torget, Torggata, Florø

Frå søndag 29. november til søndag 20. desember fyller vi teltet til Våt Moro med juleglede, lokal handel, gode smakar og aktivitetar for store og små! Vi inviterer deg til å bli ein del av ei stemningsfull førjulstid, der vi saman skaper ein møteplass full av liv, latter og ekte julestemning. Her blir det mogleg å finne unike julegåver, smake på noko godt, møte kjende og oppleve aktivitetar som høyrer jula til. 🎅 Opningstider Onsdag–fredag: kl. 14.00–20.00 Laurdag: kl. 10.00–16.00 Søndag: kl. 12.00–18.00 ✨ Offisiell opning – søndag 29. november kl. 17.00 Rett etter at julegrana er tent, opnar vi dørene til julemarknaden i teltet til Våt Moro. Vi gler oss til å ønskje dykk velkomne til ei triveleg førjulsstund! 🎄 Bli med på juletrepyntekonkurransen! Vi sparkar i gang julemarknaden med ein kreativ og morosam juletrepyntekonkurranse! Vi inviterer familiar, vennegjengar, bedrifter, lag og organisasjonar til å stille lag og kjempe om å lage det finaste, mest kreative eller mest originale juletreet. Vi stiller med juletrea mens laga tek med pynten og kreativiteten! Trea skal stå ut heile julemarknaden og vere med på å skape ei flott juleutstilling i teltet. Har de lyst til å vere med? Følg med, meir informasjon om påmelding og konkurransen kjem snart! 🎁 Salgsboder med unike gåver og gode smakar Salgsbodene er snart fulle, men det er framleis nokre ledige plassar i enkelte periodar. Har du handverk, husflid, lokalmat eller andre spennande produkt du ønskjer å selje, er det framleis mogleg å bli med! Her kan du finne alt frå personlege julegåver og flott handarbeid til freistande matvarer og andre lokale skattar. Sjekk heimesida vår for oversikt over ledige periodar og meir informasjon om salgsbodene. ☕ Kaffi, kaker og gode møteplassar Kvar dag held vi ein enkel kafé open, slik at du kan ta ein pause frå julehandelen med ein kopp kaffi og noko godt attåt. Vi ønskjer òg å gi lokale lag og organisasjonar moglegheita til å bidra. Har laget ditt lyst til å stå for kaffi- og kakesalet ein dag? Då vil vi gjerne høyre frå dykk! ❤️ Har du lyst til å bidra? Julemarknaden blir aller best når vi skaper han saman! Vi ønskjer å samarbeide med lokale lag, organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar som har lyst til å bidra med aktivitetar, underhaldning eller andre kjekke innslag. Har du ein idé, noko du vil vise fram eller eit arrangement du ønskjer å bidra med? Ta kontakt med oss! ❤️ Vil du vere med på å skape julestemning i Florø? Ein god julemarknad blir til når mange gode krefter dreg i lag! 🎄✨ Når vi opnar dørene til julemarknaden i teltet til Våt Moro 29. november, ønskjer vi å skape ein varm og levande møteplass fylt med juleglede, aktivitetar og gode opplevingar for store og små. For å få dette til treng vi fleire gode hjelparar som har lyst til å bidra litt undervegs! Kanskje har du lyst til å hjelpe til i kaféen, servere kaffi og kaker, ta imot besøkjande, hjelpe til med praktiske oppgåver eller bidra med aktivitetar? Vi finn heilt sikkert noko som passar for deg! Du treng ikkje å binde deg til mange dagar, litt hjelp frå mange kan gjere ein stor forskjell. Ta gjerne med ein ven, eller meld dykk på saman som ei lita gruppe. Det viktigaste er at du har lyst til å bidra og vere ein del av fellesskapet. Har du lyst til å vere med på laget? ❤️ Ta kontakt med oss! Vi set stor pris på alle som ønskjer å bidra til å skape ein kjekk julemarknad for heile Florø. Saman fyller vi teltet med liv, fellesskap og ekte julestemning. Vi gler oss til å sjå deg! 🎄❤️ https://www.floro.no/kva-skjer/julemarknad/

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten