Julemarknad i Florø

søndag 29. november kl. 16:30 · Teltet på torget, Torggata, Florø

No kan vi endeleg avsløre at det blir Julemarknad i Florø i adventstida! Frå søndag 29. november til søndag 20. desember fyller vi teltet til Våt Moro med ekte julestemning, og no ser vi etter deg som vil vere med! Har du handlaga produkt? Lagar du julebakst eller andre godsaker? Drøymer du om å vise fram og selje det du lagar? Vi har 5 salsboder tilgjengeleg, og deler perioden opp i helgar og vekedagar slik at flest mogleg får høve til å delta. Du kan også ta kontakt dersom du berre ønskjer å stå éin enkelt dag. Påmeldingsfristen er 15. oktober, og du finn meir informasjon om prisar, tidsrom og påmelding her: https://www.floro.no/kva-skjer/julemarknad/ Vi gler oss til å skape ein skikkeleg koseleg julemarknad og fylle torget med julestemning!Vil du vere med? Då håpar vi å høyre frå deg! Programmet kjem etterkvart! Merk: Biletet er KI-generert og er brukt som illustrasjon for å vise uttrykket vi ser for oss på julemarknaden.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten