Kombinert elsykkel- og fottur til Nystølvarden Sør-Aurdal

lørdag 26. juni kl. 10:00 · Jernbanevegen 40, Fagernes

Denne turen startar ved Ellingseter Kafe / kafeteria , tidlegare Ellingseter Sport og Turistsenter i Sør-Aurdal kommune og endar på Nystølvarden i Gol kommune. Vi syklar på trafikkert grusveg forbi Hellebekk Turistsenter, gjennom Høvreslie og passerer kommunegrensa mot Gol. Syklar så ned Rauddalen, så opp stigninga og får fjelltoppen Kyrkja på venstre side før vi kjem ned mot Frøysåkstølane. Til slutt syklar vi opp ein sideveg fram til Nystølen der vi set frå oss syklane og går ca 1 km på litt bratt, men ikkje særleg tung stig opp til sjølve Nystølvarden. Her har vi ein lengre pause og nyter den flotte utsikten i alle himmelretningar. Etterpå går vi same vegen ned att til syklane og syklar tilbake til Ellingseter. Heile sykkelturen går på trafikkert grusveg. Du syklar på eige ansvar, men vi er to turleiarar, ein fremst og ein bak og vil gjera turen så trygg som mogeleg. Dette er ein felles tur der vi syklar saman. Det er likevel ein del ting du må vera merksam på: hald trygg avstand til sykkelisten framfor deg, ver varsam i utforbakkane, pass deg for laus grus og renner i vegen ver merksam på møtande biltrafikk det er obligatorisk med refleksvest og sykkelhjelm Dette er ein elsykkeltur. Pass på å ha full-lada batteri når du startar turen. Ta med sykkelpumpe som passar til sykkelen din. Vi anbefalar at du tar med ekstra sykkelslange som passar til sykkelen. Det gjer det lettare og raskare å reparera dekka om du skulle vera uheldig å punktera. Ta likevel med lappesaker. Kle deg for ein dag i fjellet. Det kan vera lurt å ha med seg litt kledsskift i tilfelle du bli sveit på turen. Det kan også vera kaldt og blåsa oppe ved Nystølvarden. Nyttig tips: Sykla med skor du kan bruka på fotturen slik at du unngår å måtta ha med deg skoskift. Du må vera i god fysisk form og ha brukt sykkelen før turen. Dette er spesielt viktig dersom du låner ein sykkel du ikkje har brukt før. Sjølve sykkelturen er ca. 38 km tur/retur Ellingseter – Nystølen. Fotturen er ca 2 km fram og tilbake. Frammøte på bensinstasjonen St1 på Fagernes kl. 09.45 Der frå reiser vi på E 16 til Bagn kl. 10.00. Frå Bagn tar vi Fylkesveg 2462 som etter kvart går over i bomveg vestover mot Gol. Dersom ver og vermelding er for usikre, kan turen bli avlyst, endra, eller utsett til ein annan dag. Påmelding: Vi vil gjerne at du melder deg på turen digitalt. Sjå nedanfor denne turomtalen, eller via sms på 48142002 til turleiar Bjørn Vegard Johnsen seinast 24.07.26 kl. 18.00. Kart: Ugland IT Sør-Valdres turkart 1: 50 000

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten