Kurs i bekymringsmestring

tirsdag 15. september kl. 13:00 · Lokala til Psykisk helse og rus i 3. etg., Fyllingvegen 11, Langevåg

Kurs i bekymringsmeistring er for personar som opplever å vere plaga med vedvarande stress eller angstsymptom i kvardagen og som opplever at dette går ut over livskvalitet og/eller dagleg fungering. Kven passar tilbodet for? Opplever du vedvarande bekymring, stress eller angst? Dette kan fysisk kjennast som: nervøsitet, skjelving, muskelspenningar, brystsmerter, svette, ørheit, hjartebank, svimmelheit, ubehag i magen eller søvnvanskar Om du kjenner deg igjen i skildringane over, kan dette kurset vere noko for deg •For å få utbytte av kurset er det forventa at du kan setje av 1-2 timar i veka til å gjennomføre heimeoppgåver i tillegg til samlingane •Mange kan synast det er vanskeleg å delta på kurs saman med andre, men ingen treng å seie meir enn dei sjølv ønskjer på samlingane (Dette er ikkje gruppeterapi) Kva tilbyr vi? Kurset byggjer på prinsipp frå mellom anna: •metakognitiv terapi (tankar om eiga tenking) •mindfullnessbaserte terapiar (nærvær her og no) •emosjonsfokusert terapi (eit hensiktsmessig forhold til følelsar) •Kurset har dokumentert effekt i å hjelpe personar til ein meir avslappa kvardag •Gjennom presentasjon av relevant teori, og arbeid med ulike øvingar, får ein auka kunnskap om angst- og stressrelaterte plager, og kva ein sjølv kan gjere for å få det betre - Kurset går over 10 gongar, i tillegg til ein oppsummeringsdag. - Varigheit kvar gong 2,5 - 3 timar. - For å ha utbytte av kurset er det nødvendig at du setter av 1-3 timar i veka for å arbeide med fordjupingsoppgåver. - Pris: Ein betaler for kursmateriell (bok); 700 kr. - Kvar: Lokalet til Psykisk helse og rus, Fyllingvegen 11, 3. etg. - Når: Kurs går både vår og haust. - Kontakt: Ring kurshaldar på tlf.: 94172025 for ei avklaring. - Arrangør: Psykisk helse og rus.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Ålesund →