DNT ung: Snøholetur i Sogndalsdalen (14 - 20 år)

fredag 5. mars kl. 18:30 · Sogndal Skisenter - Hodlekve, Hodlekvevegen 240, Sogndal

Vinterfjellet kallar! Bli med Unge Naturtalenter på fjellskitur til Sogndalsdalen, med ei natt på Kollsetestølen og ei natt i snøbolig eller telt. Dette er ein ypperleg sjanse for deg som har lyst til å prøve vintertur over fleire dagar, og som vil teste å sove i snøbolig. Fredag Oppmøte er utanfor SIL-hytta i Sogndal skisenter kl. 18.30. (Passar med buss 18.15 frå Sunnfjord/Nordfjord). Planen for ettermiddagen er å følgje langrennsløypene mot Kollsetestølen, der vi sjekkar inn, lagar ein god middag og blir kjende i gruppa. Ha hovudlykta lett tilgjengeleg – det kan bli mørkt før vi kjem fram. Laurdag Laurdag vasker vi oss ut av hytta, pakkar sekken og set kursen mot Høgehaug eller Rysete. Kvar vi endar opp, avheng av kvar vi finn snø som eignar seg til å lage snøbolig. Avhengig av snøforholda prøver vi å lage anten snøhole, kantgrop, iglo eller snøklokke, men vi har også tilgang på telt. Søndag Etter (forhåpentlegvis) ei god natt i snøbolig, bruker vi føremiddagen til ein skitur utan oppakning. Deretter returnerer vi til campen, pakkar saman og går tilbake til Dalalåven, der vi er framme ca. kl. 15. Vi tek atterhald om at det kan bli endringar i programmet. Turen inkluderer Turleiarar Middag fredag og laurdag Overnatting Deltakarane må sjølve ta med frukost, lunsj og snacks. Transport til Sogndal skisenter må ordnast på eiga hand, men om du kjem med buss, kan vi organisere transport frå busstoppet Hodlekve kryss. Pakkeliste Av tryggingsomsyn er det viktig å ha rett klede og utstyr i sekken. Følg gjerne DNT si pakkeliste for vinterturar. Vi gjer merksam på at BUA har både fjellski, soveposar, liggeunderlag m.m. til utlån. Dersom det er utstyr du manglar, og som du ikkje finn på din lokale utstyrssentral/BUA kan du ta kontakt med oss. Vi har m.a. skredutstyr (spade & sender/mottakar), kompass. Multiverktøy, vindsekk m.m.treng ikkje absolutt alle, vi har det med i gruppa. - Hugs ei god hovudlykt med ekstra batteri. - Sørg for at du har plass til litt av fellesmaten øvst i sekken. - Kart: Vi anbefaler Norgeskart Sogndal 10055 eller Sogndal – Leikanger 3041. Om du har, kan du gjerne ta med dette, eller skrive ut kartutsnitt frå Norgeskart (vi har med nokre ekstra kart). Turen er gratis for DNT medlem, 400 kr for ikkje-medlem.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten