onsdag 27. oktober kl. 17:30 · Smiå, Hauabakkvegen 61 Kvernaland
Bli med på ein fin tur i Kalbergskogen. Turen startar frå Smiå på Kvernaland, går gjennom den flotte Stemmen Park, forbi Kvernaland omsorgssenter og gjennom byggjefelt til Kalbergskogen. I skogen går vi på gode grusvegar og nyt skogens ro. Turen tek mellom 1,5 - 2 timar og passar for alle. Ta kontakt med turleiar dersom du har spørsmål om turen eller oppmøteplass. OBS: ta med hodelykt og refleksvest Oppmøte Start frå Smiå på Kverneland kl 17.30. Turleiarar: Margreta Hauge Clementsen, mobil 464 33 458 Odd Rune Myrstad, mobil 902 05 458 Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlage t på Facebook. Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.