Velkomen til «Eitt måltid saman» måndag 23. november!

mandag 23. november kl. 13:30 · Kveik, Brynaskogen, Voss

Dette er eit arrangement for alle som ynskjer eitt måltid saman med andre, eller som ynskjer å vite meir om frivillig arbeid. Middag er gratis og det er 50 ledige plasser. Denne dagen vil Kveik servere heimelaga kjøtkaker i brun saus med kålstuing, gulrøter, kokte poteter og tyttebærsyltetøy. Etter middagen serverer me gulrotkake, sjokoladekake og kaffi eller te. Kveik vil halde ein kort presentasjon om cateringtilbodet sitt og fast levering av middag. I samarbeid med Frivilligsentralen ønskjer Kveik å få til ei ordning der frivillige kan hjelpe til med utkøyring av mat til middagskundane våre. Frivilligsentralen vil fortelje meir om dette prosjektet. Kanskje dette er noko du kunne tenkje deg å bidra til? Stad og transport Arrangementet finn stad i kantina til Kveik Catering i Brynaskogen 27. Det er parkeringsplassar ved kantina og eventuelt ved lokala til Kveik. Arrangementet er òg tilpassa bussrute 990, med avgang frå Voss stasjon kl. 12.50 og retur frå Vestre Brynalii kl. 16.06. Gå av bussen ved Handelshuset. Der vil du bli møtt av personar med vestar som viser deg vegen. Har du lyst til å delta på «Eitt måltid saman»? Måndag 23. november kl. 13.30–15.30 Send påmelding til Kveik innan 17. november, anten på e-post eller telefon. Gje beskjed dersom du har matallergiar. Bente Tveite Tlf.: 477 62 286 bente@kveikarbeidsliv.no Turid Kvamsdal Midthun Tlf.: 414 17 610 turid@kveikarbeidsliv.no Har du utfordringar med transport denne dagen, er du velkomen til å ta kontakt. Me dekkjer bordet – du kjem som du er! Me gler oss til å sjå deg!

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Voss →