tirsdag 11. mai kl. 10:00 · Shell Fagernes, Jernbanevegen 40, 2900 Fagernes, kl. 09.45
Unn deg ein triveleg sykkeltur på Valdresbanevegen der det før gjekk tog. Tradisjonen tru arrangerer seniorgruppa sykkelturen Fagernes – Bjørgo på Valdresbanevegen. Det er mangt og sjå etter ruta, så vi stoppar etter behov og ønskje frå turleiarane og deltakarane. Turen passar både for vanleg sykkel og el-sykkel. Dette er ein fellestur, så alle må tilpassa seg farten til gruppa. Pass på at sykkelen er i god stand. Ta med sykkelpumpe og lappesaker, helst ekstra sykkelslange. Det gjer det enklare dersom du punkterer. Traseen er etter måten lett, men det er jamn stigning som vi merkar godt, spesielt dersom det er motvind. Det er ein fordel at du er i bra form og at du har sykla noko før turen startar og har prøvd sykkelen etter vinterpausen. Kle deg for ein tidleg vårdag. Det kan vera både kaldt og vått på denne tida. Men vi håpar sjølvsagt på fint ver. Alle må ha med og bruka sykkelhjelm og refleksvest. Du syklar på eige ansvar, følg trafikkreglane og hald god avstand i utforbakkane. Vi turleiarar gjer vårt beste for at det skal bli ein trygg og god tur. Passar det slik, tar vi ein kaffistopp ved bakeriet i Aurdal. Ta likevel med niste og drikke. Det er nokre punkt der vi må vera særleg merksame: rundkøyringa på Leira, ev. kryssinga av E 16 i Aurdal og dei mange lokale vegane som kryssar Valdresbanevegen. Vi kan også møta andre syklistar og gåande langs vegen. Turen er ca. 38 km lang t/r. Dersom veret / verutsiktene blir for dårleg, kan turen bli flytta, endra eller avlyst. Turleder 1 Bjørn Vegard Johnsen tlf. 48142002 Turleder 2 Gunnar Modèn tlf. 92425919
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.