Stølsheimen frå fjord til fjord (Vandregruppa)

lørdag 24. april kl. 09:00 · Modalen, Mo 3, Modalen

Stølsheimen er eit nedbørsrikt fjellområde. Den gode sida ved nedbøren er at det kan vere mykje snø der om vintrane, slik at skisesongen varer lenge. Området byr på variert og spennande skiterreng for røynde fjellskiløparar. Våren er den beste tida for skiturar i det kuperte og litt utfordrande terrenget. Laurdag 24. april. Til Skavlabu (sjølvbetent). Oppmøte på Dale stasjon kl 0900. Buss til Mo. Her er vi ved enden av Mofjorden. Vi skal opp om lag 1000 høgdemeter, og må rekne med å gå om lag halvparten av dei til fots, så vi festar skia på ryggsekken og legg i veg oppover den bratte lia til Husafjellet og Storfjellet. Her slakar terrenget litt ut, og vonleg kan vi ta på skia. Oppstiginga held fram opp til Kupefjellet, og deretter i småkupert terreng fram til hytta. Sundag 25. april. Frå Skavlabu til Vardalsbu (sjølvbetent). Ruta går nordover Skavlavatna og i høgda vest for Sætertjørna og ned til Skjerjavatnet. Vi følgjer dette vatnet nordover og deretter over eit skard til den sørlege vika av Langavatnet. Vi følgjer ryggen på austsida av vatnet opp til Ytste Vika, som vi kryssar og deretter går opp på ein ny rygg som tek oss fram til Vardadalen, der vi følgjer nokre vatn nordaustover til hytta. Måndag 26. april. Frå Vardadalsbu til Brydalsseter (ubetent). Vi held fram nordover Vardadalen om lag ein kilometer før vi tek oss opp på ryggen aust for Rundavatnet. Etter eit vatn som vi kryssar, får vi ei ny oppstiging. Her kjem vi opp til eit platå som vi følgjer eit stykke innover før det går over i og nedover ei smal egg ned til eit søkk. Herifrå blir dei ei oppstiging til ryggen av Sundagsnova, og så 3–4 kilometer slak oppstiging til Sundagsfjellet. Frå toppen følgjer vi først ryggen nedover. Deretter tek vi oss over nokre vatn austover til dalen der sommarruta mellom Norddalshytten og Brydalsseter går. Vidare nordover på austsida av Brydalsfjellet og ned til hytta. Tysdag 27. april. Vi et tidleg frukost og legg tidleg ut for å rekke ferja kl 10. Hytta ligg knapt 600 moh., så vi kan ikkje vente at det er snø her. Vi festar skia på ryggsekken og går på sti ned Breiddalen og vidare på veg nedover Storedalen til Ortnevik. Turen tek om lag to timar. Dei to første dagsetappane er nokså korte, om lag fem timar. På turen mellom Vardalsbu og Brydalsseter må vi rekne med å bruke åtte til ti timar. På grunn av denne lange dagsetappen og generelt krevjande terreng er turen klassifisert som ekstra krevjande. Deltakarane må vere vane med å gå på fjellski i kupert terreng. Det er ikkje naudsynt å kunne telemarkssvingen, men ein må kunne ta seg kontrollert ned ei fjellside med tung sekk på ryggen. Utreise: Tog til Dale. Heimreise: Ferje og båt til Leikanger, deretter lokalbuss til Sogndal og ekspressbuss til Oslo. Sjå rutetider på Entur eller Vy.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten