søndag 6. desember kl. 14:00 · Brandal grendehus
🎄✨ Velkomen til juleverkstad på Brandal grendehus! 🎅 Søndag 6. desember inviterer vi bygdefolket til ein koseleg og kreativ førjulsdag på Brandal grendehus! ❤️ Her blir det ekte julestemning, kreativ utfalding og hygge for heile familien. Juleverkstaden er for alle, uansett alder! 🎨🎁 Både born og vaksne kan sleppe kreativiteten laus og lage julepynt, julegåver og andre fine ting til jul. For dei vaksne blir det mellom anna høve til å lage sin eigen dørkrans. 🌿🎄 Vi sel også risgraut til dei som vil ta seg ein pause frå juleverkstaden. 🥣 Og er du på jakt etter ei ferdig julegåve, sjekk gjerne ut Brandalsprodukta våre. Det blir sal av desse på juleverkstaden. 📅 Søndag 6. desember 🕑 Kl. 14.00–17.00 📍 Brandal grendehus Om arrangementet blir fullteikna, vil vi legge ut ei ny "pulje" kl. 15.30. Hjarteleg velkomne! 🎅🎄 Arrangør: Brandal Vel
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.