mandag 7. september kl. 07:30 · Samnanger bibliotek, Bjørkheim 26, Samnanger
Slit du med mobilen, nettbrettet eller dataen? – Ønskjer du å verte meir sjølvstendig i den digitale kvardagen? Du er ikkje åleine! Anten du treng hjelp med ein app, vil lære meir om mobilen din, eller berre kjenne deg tryggare på nett, er Digihjelpa staden for deg. Hos oss får du roleg og tålmodig hjelp tilpassa ditt nivå, slik at du kan klare deg meir på eiga hand. Opningstidene våre på måndagar: • 09.30 – 11.30: Individuell rettleiing Har du eit konkret problem eller noko du vil øve på i fred og ro? Kom innom for ein privat ein-til-ein-prat! • 12.30 – 14.00: Digikafé Me tek for oss morosame og nyttige tema på storskjerm i fellesskap, kombinert med ein god kaffekopp. Ta med deg mobilen, nettbrettet eller datamaskina di og stikk innom! Ingen påmelding er nødvendig. Rettleiing og kafè vil ikkje vera ope i feriar.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.