Linda Eide og Frynsegodene

fredag 20. november kl. 19:00 · Kaien i Førde, Førde i Hordaland

# Linda Eide og Frynsegodene Gjer deg klar til pubkveld med FRYNSEGODENE, truleg Nord-Europas einaste blokkfløyte- og toradarkvintett. Frynsegodene, som no har fått med seg sjølvaste Egil Haugland på gitar og mandolin, består elles av Kjersti Berge, Tonje Fløystad, Christina Brunner, Linda Eide og Eli Versto. Med Egil på laget har dei endeleg fått nokolunde orden på takt og tone. Når Frynsegodene entrar podiet, er det ikkje nødvendigvis for å imponere musikkprofessorane, men meir for å skape god stemning på fredagskvelden. Det blir song, allsong, språkduell, språksjov og toradar, truleg med meir entusiasme enn varsemd. Dei lovar leva opp til mottoet: Litt for øret, mykje for humøret. Og……denne kvelden får du også høve til å skaffe deg eit signert eksemplar av Linda Eide si nye bok, Livet er eit språksjov. Dette vil du ikkje gå glipp av! **Fredag 20. november, klokken 19:00.**

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten