fredag 6. november kl. 15:00 · DNT Rongevær, Rongeværet 2, Austrheim
Helga 6. - 8. november 2026 har Nordhordland Turlag heile Rongevær kysthytte for seg sjølv. Vi skal gjennomføre dugnad med store og små oppgåver, vedlikehald og reinhald, og leggje tilrette for at anlegget og båtane er tipp-topp for alle gjestane. Det sosiale i dugnadshelga er viktig, plutseleg byr det seg på god stemning og godt lag med gode folk. Opphald og hovudmåltider (frokost, lunsj og middag) er gratis. Du kan lese meir om Rongevær kysthytte i Austrheim i lenka her. I tillegg til den faste dugnadsgjengen er nye hjarteleg velkommen! Du kan vere med heile helga eller delar av helga. Gje det opp i påmeldinga. I forkant av dugnaden tek leiar for dugnaden, Knut Espetvedt kontakt med dei påmelde.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.