DNT ung: klatre - og buldredag i Førde

søndag 17. januar kl. 12:00 · Førde klatresenter, Vievegen 169, Førde

Klatre- og buldredag for ungdom (14–20 år). Sundag 17. januar kl.12.00 - 15.00. DNT ung inviterer til ein sosial og kjekk klatre- og buldredag i klatresenteret. Arrangementet passar for alle, enten du har klatra før eller berre er nysgjerrig og vil prøve for aller første gong. Arrangmentet varer frå kl 12.00 - 15.00, men klatresenteret er ope heilt til 18.00 om du ynskjer å vere lenger. I klatrehallen kan dei som har topptaukort eller brattkort klatre fritt. Har du ikkje klatra før, kan du boltre deg i buldreveggen utan forkunnskap. Mat og drikke: Ta med eiga drikkeflaske. Det blir pizza rundt kl. 14.30. Klede: Det kan vere litt kjøleg i hallen når ein ikkje er i aktivitet. Ha på klede som er gode å røre seg i, gjerne langarma. Ta med innesko eller tøfler og varme klede til pausar. Utstyr: Har du eige klatreutstyr kan du ta det med. Om ikkje, kan du låne klatresko, sele og anna nødvendig utstyr på klatresenteret. Pris og påmelding: Gratis for medlemmer i DNT. Ikkje - medlemmer betaler kr 150,-. Prisen inkluderer inngang, leige av utstyr og pizza. Påmelding innan 15. januar. Har du allergiar skriv du dette i kommentarfeltet ved påmelding. Vilkår: Vi legg til rette for trygg og forsvarleg aktivitet, men deltaking skjer på eige ansvar i tråd med DNT sine generelle vilkår.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Førde →