Ei Ekte Jul - Med Jørn Trollebø

lørdag 12. desember kl. 19:00 · Samfunnshallen - Nordfjordhallen Idretts- og Kulturarena, Nordfjordvegen 9111, Tennebø

Etter suksessen dei forrige årene er Jørn Trollebø Kvalheim tradisjon tru endelig tilbake med julekonserten Ei ekte jul – ei musikalsk julegåve til heimplassen og folka han er så glad i. I år fortsett tradisjonen i Nordfjordhallen, og han fortsett å satse med utvida band og fleire spennande overraskelsar. Konserten tek for seg det mangfaldet som ligg i julefeiringa, og minner oss om at «ei ekte jul» kan bety noko forskjellig for kvar og ein av oss. For nokon handlar det om familie, nissar og snø – for andre om stillheit, ettertanke og kanskje også sorg. Midt i alt dette ønsker Jørn å samle publikum til ein kveld fylt med varme, humor og ekte julestemning. Med seg på scena har han sitt faste band, samt fleire lokale gjesteartistar. Resultatet blir ei konsertoppleving som både rører og løftar – med kjende og kjære tonar, ispedd nokre musikalske overraskingar. – Eg ønskjer å gi publikum ei oppleving som kjennest ekte, og som får oss til å stoppe opp eit lite øyeblikk midt i julestria. Dette er mi julegåve heim, seier Jørn. Ei ekte jul er meir enn berre ein konsert – det er ein tradisjon i emning.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten