Aktivitetsdag i Granvin 2026

fredag 6. november kl. 09:45 · Holbergsplassen, Voss

Dette arrangementet er over.

Fredag 6. november er det planleggingsdag for barnehagane og skulane i Voss herad. Me ynskjer å gjenta braksuksessen frå i fjor, og inviterer alle til ein kjekk aktivitetsdag ved fjordparken. Gratis arrangement Arrangementet er gratis, inkludert busstransport. Aktivitetar: Fjordparken består av ein super leikeplass samt eit friluftsområde med sandstrand, volleyballbane, overbygg med bord, grill, og toalett. Det blir fokus på frileik (skattekammeret tek med ein del leikar), men ein har også høve til å bli med på båttur for å trekka garn med Granvin båtlag. Det er begrensa plassar, så dei eldste barna som kan dra ut utan foreldre vil bli prioritert. Det er også mogleg å fiska frå brygga, men ta med eige stang om de har det. Me fyrar opp bålpanner og grill og kjem til å servera pylser og saft slik at alle får ein smakebit. Me oppmodar likevel om å ha med ekstra mat i tilfelle. Hvis veret blir dårleg kan de gå inn i kantina på Mælandshagen omsorgstun for å varma dykk/ skifte klede/ eta og teikna. Påmelding Meld dykk på arrangementet innan onsdag 4 nov. kl. 12.00. Oppmøte (om ein skal ta buss): Holbergsplass kl. 09:45. De finn oss med raude vestar ved parkeringa. Bussen går kl. 10.00 Born på buss Me fylgjer anbefalingane til Trygg Trafikk for sikring av born i turbuss (klasse III). Det betyr at du som føresett har ansvar for å setja deg inn i kva som er rett sikring for ditt/dine born. Kort fortalt er anbefalingane at du skal sikra bornet heilt likt i buss som i personbil. Skal du ta bussen ynskjer me at du som føresett ser på anbefalingane og tek med eigna barnesete(r) til borna dine. Skal du/de ikkje ta VU sin buss? Fint om de melder dykk på og hukar av om de ynskjer busstransport. Om de køyrer bil kan de parkera ved grusplassen like ved fjordparken og då er oppmøte kl. 10.30. Retur: Retur med buss frå Granvin fjordpark kl. 14.00. Ta med: Gode og varme uteklede, skifteklede, vasstette sko, mat og drikke. Ta med redningsvest om de ynskjer å bli med på båttur. Me vil ha nokre til utlån men oppmodar alle om å ta med om de har. Ta også med eige fiskestang om de ynskjer å fiske frå brygga. Føresett: Alle borna må ha med seg ein føresett. Arrangementet er eit samarbeid mellom Voss Utferdslag, Voss Røde Kors, Voss Frivilligsentral, Kirkens Bymisjon/Skattkammeret, Granvin helselag og Granvin båtlag. Me gler oss!

Mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Voss →