VIl du bli med og lage advents-og julesamlingar på sjukeheimane våre?

tirsdag 17. november kl. 16:30 · Florø omsorgssenter, Kinnvegen 1A, Florø

Vil du vere med å gjere ein forskjell? BLi med å lage julestemning på omsorgssentra våre i advents- og juletida. I advents- og juletida vil vil lage julesamlingar med allsang, kaffi og kanskje ein juleforteljing. Er dette noko du kunne tenke deg å bidra med? Det kan vere på ulike vekedagar og ulike tidspunkt, det som passar best for deg. Det er mange måtar å vere frivillig på. Du kan vere med og lage til, vere musikar, synge, lese, prate med bebuarar, servere kaffi. Tyrsdag 17. november kl. 16.30 inviterer vi til eit informasjonsmøte der vi saman kan vere med å planlegge gode samlingar i lag på omsorgssentra. Stad: Florø omosrgssenter, 3. etasje. Det er berre å møte opp. Håpar å sjå deg. Ta kontakt med Jorunn Bakke Nydal tlf. 91344734 om det er noko du lurar på.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten