Miniklubben (frå 4 år til skulealder)

onsdag 25. november kl. 17:00 · Kyrkjestova ved Hauge kyrkje, Brattegjerde 2, Lærdal

Velkomen til Miniklubben i Lærdal hausten 2026! 😊🪇🪈🎶🎨🖍️Det vert samlingar annankvar onsdag (i partalsveker) frå klokka 17 til 18. Hjarteleg velkomen på Miniklubben 25. november! Me møtast for å synge, skape og leike saman. Alle barn frå 4 år og til førskulealder kan vere med. Me vil vere eit sosialt og hyggeleg møtepunkt i kvardagen for småbarnsforeldre, og barna vil få oppleve eit positivt fellesskap. Det er sjølvsagt hyggeleg når besteforeldre følgjer barna òg. 😉 De, vaksne, er velkomne til å bidra praktisk om de har høve til det under samlingane. Musikkaktivitet stimulerer til motorisk og språkleg utvikling, og me håpar samlingane kan inspirerer til bruk av song og musikk i heimen òg. Miniklubben kjem til å skape ulike ting denne hausten. Tema for aktivitetane er symbol, fargar, advent og jul. Me avsluttar kvar samling med noko lett å bite i. Miniklubben får utdelt diplom og det som deltakarane har laga i løpet av våren, på siste samling/gudsteneste. BLI MED I SPOND: Du finn gruppa "Miniklubben hausten 2026" ved å bruke kode: SHWOA i Spond-appen eller ved å følge denne linken: https://spond.com/invite/SHWOA Gi beskjed om de ikkje har høve til å bruke Spond eller treng hjelp til å bli med i den. Som medlem i spondgruppa vil de automatisk få eit varsel to dagar før kvar samling - då er det fint om de gir tilbakemelding om de kjem på den aktuelle samlinga.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten