Suksess for kulturen!

onsdag 18. november kl. 18:00 · Rådhuset, 1. et. (Tidlegare Sydvesten), Keiser Wilhelms g. 13, Ålesund

Kva skal til for at kulturlivet i Ålesund og regionen vår skal lykkast? Vi inviterer frivilligheita, kunst- og kulturlivet, samfunnsaktørar og politikarar til ein inspirerande kveld med fagleg påfyll, refleksjon og samtale om vegen vidare. Vi får besøk av Anna Stina Næss frå Norsk kulturforum, som vil snakke om kva som er suksessfaktorar for det lokale kulturlivet. Gjennom eit mangfaldig arbeidsliv som kunstnar, kunstskoleentreprenør, frivillig, festivalleiar, kultursjef, coach og foredragshaldar har ho sett kulturlivet frå mange sider. Kultursjef Oskar Skulstad orienterer om status på kulturplanen som skal opp til politisk behandling i kommunestyremøtet 12. november. Det blir også servert kaffi og noko å bite i. 🎭 Kva er suksessfaktorane for det lokale kulturlivet? Kva fungerer godt? Kva er dei lågthengande fruktene vi kan gripe no? Kva krev langsiktig innsats og samarbeid? Korleis omset vi kulturplanen frå ord til handling? Vi håper du vil vere med på ein kveld fylt med inspirasjon, læring og gode samtalar saman med andre engasjerte kulturaktørar og frivillige. 📅 Onsdag 18. november kl. 18.00–20.00 📍 Innbyggarhjørnet, 1. etasje (Inngang frå utsida av Ålesund rådhus) Arrangementet er eit samarbeid mellom Ålesund kulturråd, Norsk kulturforum og Ålesund kommune. Vel møtt!

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Ålesund →